Undervisning

Studere Bibelen

Det er ein verdi for oss i fellesskapet å studere Guds ord. Derfor ynskjer me å tilretteleggje for at alle som vil skal få meir kunnskap og kjennskap til Jesus. Me har fleire gode tilbod om dette:

– Nettressurs: Me ynskjer å gjera lokal undervisning tilgjengeleg for dei som ynskjer det på dropbox. Krinet.no har også undervisning tilgjengeleg frå konferansar og samlingar meir regionalt og nasjonalt.

– Folk Bibelskule: Dette er ein glimrande sjanse for deg som drøymer om å gå på bibelskule, men som ikkje kan ta fri og reise vekk eit heilt år for å gå på Bibelskule. Folk Bibelskule har enkle og greie nettløysningar slik at du kan sitje heime i stova og studere Guds ord. I nettklasserommet treff du andre studentar og får din eigen lærar. I tillegg kan du sjå undervisning på nettet og du får ei eiga kursbok som du jobbar med. Folk bibelskule tilbyr nye kurs kvar semester. For meir info, sjå http://www.folkbibelskole.no/

– Lokale Folk kurs: Nokon synes det er kjekkast og lettast å studere med andre. Difor ynskje me på Stord å tilrettelegge for lokale kurs. Her brukar ein nettressursen frå Folk bibelskule, men kan erstatta innsendingsoppgåver med dialogar og diskusjoanr i grupper. Ta kontakt med Sindre Hauan om du har lyst til å vera med. sindrehauan@gmail.com

– Bibelsiden: Du leser i Bibelen, men kunne godt tenkt deg å få meir informasjon om forfattaren og samtida boka vart skriven i. Denne sida gjer deg god og kortfatta informasjon slik at det vert lettare å forstå Bibelen. Sida har også lengre artiklar om sameemnene slik at du kan fordjupe deg om du vil. Sjå: http://www.bibelsiden.no/?page_id=511

– Bergen Bibelskule: Alle skulle hatt det privilegiet å gå på bibelskule eit år. Å setja av eit år til å studere Guds ord er ein kjempegod investering i livet. Bergen bibelskule er ein fantastisk bibelskule der ein blir grunnfesta i Guds ord og utrusta til livet med Jesus. Sjå http://bergenbibelskole.no/