Visjon og verdier

Visjon og verdier

Vår visjon er «Å sjå Herrens herlegdom fylle jorda slik som vannet dekker botn i havet.» (Hab 2:14)

• Jesus ut til kvart menneske
• Menigheten for Gud
• Samfunnet fylt av Guds rike og hans rettferd

Det apostoliske oppdraget
1. Det apostoliske oppdraget er å forkynne evangeliet om Guds rike slik at folk møter Guds kjærlighet og vender om fra synd og bøyer seg under Jesu Kristi herredømme.
2. Det apostoliske oppdraget er å gjere alle folkeslag til disiplar slik at heile nasjonar, kulturar og samfunn blir fylt av Guds rike og hans rettferd.
3. Det apostoliske oppdraget er å bygge disiplar saman til levande fellesskap – plante menigheter for Gud – som fungerer slik han vil, til hans ære.
4. Det apostoliske oppdraget er å føre tilsyn med desse flokkane og hjelpe dei til framgong og glede i trua slik at dei kan nå sin fulle vekst og ha heile Kristi fylde.
5. Det apostoliske oppdraget er å fostre fram eit profetisk folk som gjennom liv, teneste og forkynning kan vera lys og salt – eit teikn, ein demonstrasjon av den kommande verden.
6. Det apostoliske oppdraget er å hjelpe fattige og mennesker i nød til å koma ut av sin vanskelege situasjon og betre livskvaliteten deira.
7. Det apostoliske oppdraget er å hjelpe alle kristne til ei felles oppleving av å vera eitt folk – Guds folk – i eit fargerikt og mangfaldig fellesskap kor vi når fram til einskap i tru og kjennskap til Jesus Kristus, Guds Sønn.

Verdiar
I fellesskapet ynskjer me at du skal finna verdiane våre praktisert og levd. Vår draum er at Guds Rike skal gå fram. Å nå ut med evangeliet og gjera alle menneske til disiplar er vårt store oppdrag. Guds Ord har ein sentral plass i fellesskapet både i kvardagen og når me kjem saman. Me ynskjer å vera eit fellesskap som gjer takk og ære til Gud. Vi trenger å kjenna at vi først og fremst har vår identitet i Kristus og ikkje i kva vi er eller gjer. Me ynskjer at fellesskapet skal vera fargerikt. Her er plass for alle nasjonar og alle slags uttrykk. Ein stad for kreativitet og mangfald. Fellesskapet er for heile familien. Og ein ynskjer at alle skal vera ein del av den store familien som menigheten er for kvarandre. Det er sunt, trygt å godt å leva under autoritet og ansvar.