Slik er KF-Stord

IMG_0816Kaffikopper og blingser med ost og skinke eller en god middag, latter og glede, arbeidsteikningar og husmaling, klesvask og rydding, studiegrupper og Guds Ord, bøn og lovsong, nytt plaster, snørr og gørr.

Alt er en del av kvardagsfellesskapet som blir delt i menigheten Kristent Fellesskap på Stord. Her kjem vanlege kristne saman for å dela sorger og gleder. Menigheten vår er for Gud og er ikkje noko me går i, men noko me lever og er.

Me ynskjer å vera ein husmenighetsplantingsrørsle som ser nye husmenighetar planta i kvar en krik og krok. I dag har me tre husmenighetar lokalisert i Sagvåg, Kåravikjo og Leirvik/Hystad. Kvar husmenighet møtest ein gong i veka, oftast på onsdagen. Då samlast ein for å dela livet med Gud, tilbe Gud og å dela Guds Ord saman.

Husmenigheten er vår storfamilie. Me hjelper kvarandre med praktiske ting, deler mat saman og er eit uttrykk for Guds familie i kvardagen. En søndag i måneden samles vi til storfest og gudstjeneste på Leirvik skule. Oftast startar det kl.12. Sjå kalender og annonse i bladet Sunnhordland.