Ny på Stord?

På jakt etter ein menighet?

KF- Stord ynskjer å vera ein menighet for Gud. Der Gud trives trives også menneske. Her vil du ikkje berre finna ein tradisjonell menighet, men ein heil familie som tek ansvar for kvarandre og hjelper kvarandre. Kaffikopper og blingser med ost og skinke eller en god middag, latter og glede, arbeidsteikningar og husmaling, klesvask og rydding, studiegrupper og Guds Ord, bøn og lovsong, nytt plaster, snørr og gørr. Alt er en del av kvardagsfellesskapet som deles i menigheten Kristent Fellesskap på Stord. Her kjem vanlege kristne saman for å dela sorger og gleder. Menigheten vår er for Gud og er ikkje noko me går i, men noe me lever og er.

Husmenighetar
Me er ein husmenighetsplantingsrørsle som ynskjer å sjå nye husmenighetar planta i kvar en krik og krok. I dag har me tre husmenighetar lokalisert i Sagvåg, Kåravikjo og Leirvik/Hystad. Kvar husmenighet møtest ein gong i veka, oftast på onsdagar. Då samlast ein for å dela livet med Gud, tilbe Gud og å dela Guds Ord saman. I tillegg er husmenigheten vår storfamilie. Me hjelper kvarandre med praktiske ting, deler mat saman og er eit uttrykk for Guds familie i kvardagen. Ein søndag i månaden samlast me til storfest og gudsteeneste på Leirvik skule. Oftast startar det kl.12. Sjå kalender og annonse i bladet Sunnhordland.

Verdiar
I fellesskapet ynskjer me at du skal finna verdiane våre praktisert og levd. Vår draum er at Guds Rike skal gå fram. Å nå ut med evangeliet og gjera alle menneske til disiplar er vårt store oppdrag. Guds Ord har ein sentral plass i fellesskapet både i kvardagen og når me kjem saman. Me ynskjer å vera eit fellesskap som gjer takk og ære til Gud. Vi trenger å kjenna at vi først og fremst har vår identitet i Kristus og ikkje i kva vi er eller gjer. Me ynskjer at fellesskapet skal vera fargerikt. Her er plass for alle nasjonar og alle slags uttrykk. Ein stad for kreativitet og mangfald. Fellesskapet er for heile familien. Og ein ynskjer at alle skal vera ein del av den store familien som menigheten er for kvarandre. Det er sunt, trygt å godt å leva under autoritet og ansvar.

Kontakt
Ta gjerne kontakt med oss på kontaktinformasjonen eller kom på gudsteneste.
Jan Sigve Hystad
Tlf. 53 41 33 90 / 970 10 913
jansigvehystad@gmail.com
Jarle Vae
Tlf. 474 68 154
jarlevae@msn.com
Kenneth Stenbråten
Tlf. 994 40 508
kenneth.stenbraten@gmail.com
Sindre Hauan
Tlf. 456 00 998
sindre.hauan@gmail.com
Astrid Elin Lønning
astridelinl@gmail.com
tlf: 90683590