Julemesse i Dåfjorden

9.-10.november inviterer fellesskapet, med familien Westerheim i spissen, til Julemesse på garden i Dåfjorden. Det blir sal av varer frå Filipinene, kafe med servering av søtt og salt, loppemarknad, juleverkstad med kranselaging og dekorasjon. Inntektene går til Ministeries without Boarders, hjelpearbeidet vårt på Filipinene. I år får me besøk frå Framnes Vidaregåande skule. Dei samlar inn pengar til dette prosjektet og vil visa film og hjelpa til med julemessa. Ta med gode vener og kom!

Lukket for kommentarer.