Så og hauste

thanksgiving

Eg er ganske stolt dette året. Eg har fått meg kortreiste tomater. Jostein i Etne har gitt meg ei flott plante med tomater og for fyrste gong kan eg hauste tomater frå eigen hage. Det er gøy! Eg likar å sanke og hauste og i hagen til mormor på Bømlo er det mykje bær. Me har plukka rips og solbær i bøtter og spann. Er du klar for haust? Bibelen snakkar om å så og hauste. Me kan ikkje hauste noko om ein ikkje har sådd. Som Guds folk er me kalla til både og så og å hauste. Når eg er ute å går på tur i september kan eg ofte sjå mange epletre der ingen haustar inn frukta. Då riv det litt i haustgenene mine. Tenk at desse eplene heng på treet og at ingen kan nyte den gode frukta. Det er mest for gale. No er haustplanen for det som skjer i fellesskapet lagt ut. Du finn den i kalenderen. Sett av tid til å både så og hauste, planten og bygge. God haust!

Lukket for kommentarer.