Sola skin alltid i Dåfjorden 2. pinsedag

Det er blitt ein flott tradisjon å samlast til pinsefest hjå Bjørn og Bente i Dåfjorden 2. pinsedag. Sola skin som vanleg alltid denne dagen. Og sola må skina sterkt om den skal overgå det flotte vertskapet. Denne gongen fekk me høyra om at Jesus er den gode hyrde som alltid er på utkikk etter sauene sine. Mange gonger kan sauene rota seg bort frå hyrden. Me menneske kan også rota oss bort frå Jesus, men Jesus er alltid på leit etter dei som går seg bort. Jesus lengtar etter fellesskap med alle menneske. Det var flott musikk og leik og spel for både små og store. Grillmat og kaffimat vart også servert.

dåfjord 8dåfjord 7Dåfjord 9dåfjord 6dåfjord 5dåfjord 3Dåfjord 10Dåfjord 11 Dåfjord 12 Dåfjord 13dåfjord 4

Lukket for kommentarer.