Julegudsteneste

Englane er i full beredskap i julespelet til Kristent Fellesskap på Stord. Det er berre engelen Gabriel som eigentleg veit om det store som skal skje og dei andre englane skjønar ikkje heilt kva som er i gjere, men pussar instrumenter og julestjerna, vaskar og stryk englekappar og styrer på. Til og med serafane er tatt ut av teneste og sendt på vingeservice. Og så plutseleg skjer det, Maria og Josef kjem til Bethlehem, tida kjem då Maria skal føde. Verdas frelsar, fredsfyrsten, kjem til jorda, Jesus er født. Ikkje i eit slott, men i ein stall. Englar, hyrdar og vismenn, alle kjem for å bøye kne for fredsfyrsten som er fødd.

Etter julespelet er heile fellesskapet og alle dei besøkjande samla rundt bordet. Korgafest er ein fin tradisjon. Alle tek med og deler. Festen avsluttast med den nye Stordywood filmen om David og hans menn som vart laga på familieleiren i haust.

fullsizerender-3 img_0955 fullsizerender fullsizerender-2 fullsizerender-1 img_0976 img_4904

Lukket for kommentarer.