Regionssamling på Vågen Skule

Flott å samles på Vågen skule. Årleg i 5 år har Guds folk i Kristent Fellesskap hatt regionsgudsteneste i Ølensvåg. Det er ein flott stad for fellesskap og undervisning. Ann Helen Hope leia friskt og opna med at alle tre som skal bæra frukt må stå tett med andre tre ellers vert det ikkje noko frukt. Det var også kjekt å helsa på 7 av dei 9 konfirmantane i distriktet. For ein flott gjeng. Erling og solveig Thue var med å bad og profeterte over dei. «Gud er så glad i dei og heiar på dei!» Me andre treng å sjå dei og støtta dei. Catharina Vae delte ein sterk bodskap om at Gud kallar oss til FRED. Kjenneteiknet på Gud er fred. Jesus er fredsfyrsten og vil gje oss fred. Me kan ha fred i stormen fordi Jesus er med. Grillane var varme etter samlinga og været var fantastisk. Kakebordet skein i kapp med sola. 

 

IMG_6687 IMG_6686 IMG_6685 IMG_6684

Lukket for kommentarer.