Konfirmant i 2019

 

Konfirmantane 2019 vert presentert

 

 

Her ser de konfirmantane i regionen presentert i Ølen på reigonsgudstenesta i august. Det er 11 konfirmantar dette året. Det er ein flott gjeng. Har du lyst å «joina» gjengen er du framleis velkommen:) Sigmund Notland og John Bathgate vert dei eminente leiarane. Her er det berre […]

Så og hauste

Eg er ganske stolt dette året. Eg har fått meg kortreiste tomater. Jostein i Etne har gitt meg ei flott plante med tomater og for fyrste gong kan eg hauste tomater frå eigen hage. Det er gøy! Eg likar å sanke og hauste og i hagen til mormor på Bømlo er det mykje bær. […]

Sola skin alltid i Dåfjorden 2. pinsedag

dåfjord 8

Det er blitt ein flott tradisjon å samlast til pinsefest hjå Bjørn og Bente i Dåfjorden 2. pinsedag. Sola skin som vanleg alltid denne dagen. Og sola må skina sterkt om den skal overgå det flotte vertskapet. Denne gongen fekk me høyra om at Jesus er den gode hyrde som alltid er på utkikk etter […]

Venners venner fest i Dåfjorden 2. pinsedag kl.12

Det er duka for ny fest i Dåfjorden 21. mai. Det er alltid fint ver i Dåfjorden 2. pinsedag. I allefall har det vore dei i alle dei åra me har hatt fest her. Då er det venners venner fest og du kan ta med deg alle du vil. Det blir fyr å […]

Konfirmant i Kristen Fellesskap på Stord

 

Konfirmantane i 2017

Dersom du er 9.klassing og ynskjer å bli betre kjent med Jesus og med andre som trur på han er det å vera konfirmant i Kristen Fellesskap på Stord ein god ting. Her vil du også bli betre kjent med andre konfirmantar i regionen og få nye vener. Gjennom året […]

Påskefest på Stord Hotel

http://www.kfstord.no/wp-content/uploads/2018/03/IMG-8535.mp4

Denne damo her er klar for påskefest på Stord Hotel 30.mars til 1. april. Er du klar? Påmelding til kfkvinnherad.no innan søndag 18.mars. Små og store, ung og gamla må pakke kofferten og hiva seg på.

Familieleir på Brandøy

IMG_6751

Familieleir

 

Familieleir er gøy!!!

Store og små sett av helga 20.-22. oktober. Då er det klart for familieleir på Brandøy. Påmelding og prisar kjem snart.

Velkommen til kristent fellesskap Stord

Hausten er her!

Det er godt med kvardagar også. Haustplanen finn du på kalenderen. me er ein husmenighetsbasert menighet og mykje av det som føregår er i husmeninghetane. Kvar husmenighet har eigen plan som du får når du «joinar» ein husmenighet. Me brukar å samlast kvar veke. Nokre gonger på ettermiddagstid med heile familien […]

Juniorleir på Brandøy

IMG_0832

Leir er superkjekt. Går du i 4.-7.klasse er det berre å melda seg på leir 10.-12. Mars på Brandøy. Ta gjerne med deg vener. Påmelding og meir informasjon finn du på kfkvinnherad.no.

[…]

Julegudsteneste

Englane er i full beredskap i julespelet til Kristent Fellesskap på Stord. Det er berre engelen Gabriel som eigentleg veit om det store som skal skje og dei andre englane skjønar ikkje heilt kva som er i gjere, men pussar instrumenter og julestjerna, vaskar og stryk englekappar og styrer på. Til og med serafane er […]