Familieleir på Brandøy

Familieleir

Familieleir

 

IMG_0831

Familieleir er gøy!!!

Store og små sett av helga 20.-22. oktober. Då er det klart for familieleir på Brandøy. Påmelding og prisar kjem snart.

Velkommen til kristent fellesskap Stord

høst

Hausten er her!

Det er godt med kvardagar også. Haustplanen finn du på kalenderen. me er ein husmenighetsbasert menighet og mykje av det som føregår er i husmeninghetane. Kvar husmenighet har eigen plan som du får når du «joinar» ein husmenighet. Me brukar å samlast kvar veke. Nokre gonger på ettermiddagstid med heile familien og nokre gonger på kveldstid for dei vaksne. Ta gjerne kontakt om det er noko du lurar på.

Jan Sigve Hystad,  tlf 97010913 og mail: jansigvehystad@gmail.com

Astrid Elin Lønning, tlf 90683590 og mail: astridelinl@gmail.com

Påskefest på Stord

IMG_0834IMG_0833

Set av dagane 14.-16. April til å sjå oppover. Det er tid til å søke Gud, til å tilbe han og til å setje retning. Då samlast kristent fellesskap storfamilien til fest på Stord Hotel. Det blir god undervisning, me skal ære den oppstandne Jesus og høyre kva Gud har å seia oss. Stord hotell stiller med oppredd seng og deileg mat til alle gjestene. Påmelding og meir informasjon kjem seinare.


 

Juniorleir på Brandøy

IMG_0831 IMG_0832

Leir er superkjekt. Går du i 4.-7.klasse er det berre å melda seg på leir 10.-12. Mars på Brandøy. Ta gjerne med deg vener. Påmelding og meir informasjon finn du på kfkvinnherad.no.

Julegudsteneste

Englane er i full beredskap i julespelet til Kristent Fellesskap på Stord. Det er berre engelen Gabriel som eigentleg veit om det store som skal skje og dei andre englane skjønar ikkje heilt kva som er i gjere, men pussar instrumenter og julestjerna, vaskar og stryk englekappar og styrer på. Til og med serafane er tatt ut av teneste og sendt på vingeservice. Og så plutseleg skjer det, Maria og Josef kjem til Bethlehem, tida kjem då Maria skal føde. Verdas frelsar, fredsfyrsten, kjem til jorda, Jesus er født. Ikkje i eit slott, men i ein stall. Englar, hyrdar og vismenn, alle kjem for å bøye kne for fredsfyrsten som er fødd.

Etter julespelet er heile fellesskapet og alle dei besøkjande samla rundt bordet. Korgafest er ein fin tradisjon. Alle tek med og deler. Festen avsluttast med den nye Stordywood filmen om David og hans menn som vart laga på familieleiren i haust.

fullsizerender-3 img_0955 fullsizerender fullsizerender-2 fullsizerender-1 img_0976 img_4904

Julegudsteneste søndag 11. desember kl 16.00 på Leirvik skule

Det nye julespelet Gabriels hemmelighet» er under øving til julegudstenesta. Også år er barna i hovudrollane  i skodespelet, men det går ryktet om at forfattaren vår, Elin StenBråthen, har skreve inn nokre nye roller som gjer at også dei dei unge og dei vaksne vert med og leikar seg. På gudstenesta vil du høyra juleevangeliet formidla på ein ny måte og me skal synga julesongar til ære for Gud som sendte Jesus, fredsfyrsten til jord. Me ynskjer å seia velkommen til alle og me kan lova at det vert eit flott koldtbord med mat etter gudstenesta. Du kan berre gle deg!

img_4878  img_4892 img_4861img_4903 img_4904

Konfirmant i Kristent Fellesskap

IMG_6684

I år er det ni konfirmantar i Kristent Fellesskap i regionen. Tre av dei vil vera konfirmantar på Stord. Konfirmantane får undervisning lokalt annankvar veke og har felles samlingar både med leiar og ungdomssamlingar med dei andre ungdomane i regionen. Her vert dei bedd for på regionsgudstenesta i Ølensvåg. Ver med å be om at konfirmantane skal leva eit liv med Jesus resten av livet og at dei skal få stor openbaring om Guds plan for dei og verda. Ta kontakt om du ynskjer å vera konfirmant i fellesskapet.

Regionssamling på Vågen Skule

Flott å samles på Vågen skule. Årleg i 5 år har Guds folk i Kristent Fellesskap hatt regionsgudsteneste i Ølensvåg. Det er ein flott stad for fellesskap og undervisning. Ann Helen Hope leia friskt og opna med at alle tre som skal bæra frukt må stå tett med andre tre ellers vert det ikkje noko frukt. Det var også kjekt å helsa på 7 av dei 9 konfirmantane i distriktet. For ein flott gjeng. Erling og solveig Thue var med å bad og profeterte over dei. «Gud er så glad i dei og heiar på dei!» Me andre treng å sjå dei og støtta dei. Catharina Vae delte ein sterk bodskap om at Gud kallar oss til FRED. Kjenneteiknet på Gud er fred. Jesus er fredsfyrsten og vil gje oss fred. Me kan ha fred i stormen fordi Jesus er med. Grillane var varme etter samlinga og været var fantastisk. Kakebordet skein i kapp med sola. 

 

IMG_6687 IMG_6686 IMG_6685 IMG_6684

Veners vener fest i Dåfjorden

IMG_1773 IMG_1778 IMG_1779

Søndag 19. juni kl 12 er det duka for fest i Dåfjorden.

Bente og Bjørn Westerheim opnar garden for alle som vil koma. Du kan ta med deg alle dine vener. Alle tek med mat og drikke. Du får høyra frå Bibelen, song og musikk, leikar og fest og moro.

Ny semesterplan vår 2016

calendar

Då er det meste lagt inn i semesterplanen. Me ser deg på neste samling!